2018

Dette hende i Fjellyrkja i 2018:

Årsmøte i Fjellkyrkjelaget torsdag 25. januar kl. 1900
Stad: Skafsåheii Fjellkyrkje
Vanlege årsmøtesaker
Meld inn saker før 19. januar til Gunstein Seltveit
Enkel servering
Vel møtt!

 

«PILEGRIMSKVELD» FREDAG 9. FEBRUAR KL. 1900

Diakon Eilev Erikstein vil ta oss med på ein «pilegrimstur», og samstundes vise bilete frå tidlegare turar.
Tema: «Om å vera pilegrim til Røldal, og i eige liv».
Servering
Høve til å gje ei gåve til drift av Fjellkyrkja.
Arr: Fjellkyrkjelaget

 

Sportsgudsteneste sundag 18. februar kl. 1100
Prest: Bjørn Nome
Etter gudstenesta vert det skileik i bakkane ved kyrkja.
Servering av kaffi og vaflar

 

Ungdomskonsert med artisten/musikaren Martin Wikstøl med band laurdag 3. mars kl. 1900  i regi av Ungdomsklubben 10-16 i Skafså.
Johanne Seltveit, medleiar av Ungdomsklubben 10-16, leier arrangementet
Litt underhaldning og andakt v/Lars Ivar Bratsberg frå Bispedømet .
Sal av kaffi, brus, bollar og kake!
Gratis inngang!
Velkomen!
Arr: Ungdomsklubben 10-16 i samarbeid med kyrkja

  Martin Wikstøl

 

Basaren Skjærtorsdag kl. 1300 med trekking kl. 1600
Tek i mot gevinstar med takk!
Førebels hovudgevinstar: Fanakofte strikka av Gerd Laila Kåsa, sylvarbeid av Aslak Aabø og eit maleri eller litografi. Meir info seinare.
Sal av smørgaut, rjomegraut, pølser, kaker, kaffi og brus.
Mogleg å Vippse
Arr: Fjellkyrkjelaget

Påskeeftan kl. 1900
Gudsteneste
Prest: Bjørn Nome
Helge Johannesen vert med på saxofon
Barnedåp
Ofring til drift av FjellkyFredagrkja

 

Fredag 27. april kl. 1900

Vi syng vårsongar
Vi får besøk av Vangsgutane frå Vinje:
Harald Åsland, gitar, Bård Bestum, bassgitar, og Vegard Omdal, trekkspel og piano
Solist: Anne. A. Ringhus

Mykje allsong, særleg vårsongar, men også reine innslag av Vangsgutane

Det vert servert kringle, sjokoladekake og kaffi!

 

Høve til å gje ei gåve til Fjelkyrkja

Arr. Fjellkyrkjelaget

 

Ekstraordinært årsmøte onsdag 23. mai kl. 1100
Sak: Nye vedtekter for Fjellkyrkjelaget
Same dag etter årsmøtet er det tillyst dugnad.
Kjellaren skal ryddast.
Vi har ein stor stabel med 2×6 som skal vekk til ein billig pris
Ta med mat til felles bord!
Velkomen!
Helsing Fjellkyrkjelaget

 

Fjellkyrkjestemnet sundag 17. juni.
Gudsteneste kl. 1100
Prest : Ruth Miriam Kolstad Varhaug.
Ei sanggruppe frå bedehuset Ruth Miriam kjem frå i Holum vert med.
Det vert ei matøkt oppe på Café Hallbjønn rett etter gudstenesta, for så å vende attende til Fjellkyrkja for å høyre frisk song og musikk.
Arr: Fjellkyrkjelaget og kyrkja

 

«Vi over 60» treffet onsdag 5. september kl. 1200 med blant andre duoen Ben og Rolf frå Kristiansand.
Ben og Rolf har ein bolk med visesang, anekdoter og kristne songar

Andakt v/Rolf
Det vert elles brakt ned lapskaus, kaffi og kringle frå Café Hallbjønn.  Kr. 150,-
Ymse underhaldning
Høve til å gje ei gåve til driften av Fjellkyrkja.

Påmelding til Olav Haugo på tlf. 41 19 19 74 eller til Anne Lise Andersen på tlf. 98 04 04 58

Påmeldingsfrist er 1. september!  Hugs: «Fyrst til mølla osv»  Vi set eit tak på 90 personar.

Arr: Fjellkyrkjelaget, pensjonistlaga i Mo og Byrte samt Dalen.
Bygdeheimane i Bykle og Valle hjelper til.

 

Loppemarknad 8. september på Åmdals Verk samfunnshus.

Tispunkt: kl. 1100-1600
Sal av vaflar, kaker, kaffi og brus
Vi har terminal og Vipps
Inntekta går til drift av Fjellkyrkja.

Takksam for lopper. Ta kontakt med Gunn Haldis Gaastjønn på tlf. 350 77899 eller Trond Gaastjønn på tlf. 90071268

Arr. Fjellkyrkjelaget

Takk for all støtte i samband med loppemarknaden. Vi fekk inn ca. kr. 19000,- netto. Det er vi svært takksame for.

Gla’song kveld laurdag 6. oktober kl. 1900
Desse medverkar: Stein Otto Byggstøyl, Karl «Gutten» Bastiansen, Arnfinn Øverland og Kåre Kaldrådstøyl.
Mykje allsong
Matøkt
Arr: Fjellkyrkjelaget

 

Novemberkveld i Fjellkyrkja
Laurdag 10. november kl. 1800

Øyvind Tveit, pastor i Frikyrkja i Treungen, deltek med song
Generasjonskorpset på Dalen vert også med oss
Opplesing v/Britt Eide Lio
Mykje allsong
Servering av jolekake, kaffi og saft
Velkomen til ein hyggeleg kveld i denne mørketida!

Arr: Fjellkyrkjelaget

 

Familiegudsteneste sundag 7. oktober kl. 1100
prest Bjørn Nome
Helge Johannesen deltek med saxofon
Kollekt til drift av Fjellkyrkja

 

 

Sundag 30. desember kl. 1100
Gudsteneste
Kollekt til drift av Fjellkyrkja

Vi tek atterhald om at det kan kome endringar i programmet.

 

HYTTETOMTER I NÆRLEIKEN AV FJELLKYRKJA!
Feltspatkompaniet har gjeve Tokke kyrkjelege fellesråd 4 tomter som ligg i nærleiken av Fjellkyrkja. Desse ligg svært fint til i terrenget. Dersom nokon er interessert i å få meir informasjon, ta kontakt med kyrkjeverja, Bjørnar Christensen på tlf. 90877188.
Tomtesalet vil vere med på å finansiere utbygging av kjellaren i Fjellkyrkja.

G.S.